
Blikk frå byen – Av Frank Frankesen
Mandag morgon. Travel. Jobb. Stress. Alle hastar avgårde frå A til B.
Erland derimot, han er arbeidslaus, åleine og lever med konstant angst. Han veit ikkje kva det vil seie å haste frå A til B.
Han går på trikken når trikken går, for klokke eig han ikkje. Og når han går på trikken går alle andre av. Når han går av trikken skal alle plutseleg på. Og sånn går no dagane…
På trikken sit Erland rolig, men alvorleg og skuer utover gatene. Han skulle ønske han var som dei. Men aller helst vil han ha ein venn. Ein som tør å setje seg attmed han på trikken og som faktisk ikkje er redd for hans personelege odeur, sjølv om han ikkje brukar parfyme og deo. Ein ven som ikkje bryr seg om at han ikkje dusjar. Eller ikkje har Facebook, Instagram, venner, familie og kunnskapar om å grille den perfekte t-bone-steiken.
Hans mor sa til Erland som ung at han skulle berre vere seg sjølv så ordnar alt seg.
– Så ordnar alt seg sa ho, fortel Erland, og trekk pusten djupt. Han verkar bitter og forsmådd.
– Kva meinte ho med det? Naving, kviser, sosial angst og jomfru i ein alder av 28? Herleg, check, check, check, fortsett han ironisk.
– Låg sjølvtillit
Seniorforskar ved Universitet i Bergen Ingvild Elisabeth Markussen seier at angst ofte kan følast som ein vond sirkel.
– Viss ein ikkje kjem seg ut av uføre kan det ofte føre til låg sjølvtillit og endå mindre sjanse for at ein tør å utfalde seg på den sosiale og offentlege arenaen, seier Markussen, som har skrive ei avhandling knytt til mobbing, angst og livskrise.
Markussen fortel at viss ein ikkje har har fått seg jobb, utdanning eller make innan fylte tretti, så er håpet langt på veg ute.
– Statistikken viser at det er større sjanse for overdreven bruk av rusmidlar og tidleg død viss ein er ein såkalla «sosial taper» ved inngangen til tredveåra.
NAV
Endeleg er han der, NAV Wergeland.
– Jippi! gliser Erland.
Han er på Wergeland for å signere eit papir for å hente ut arbeidsavklaringspengar.
– Hadde bare Nygårdsparken vore open no hadde eg fyrt opp der og feiret dette med eit skot i armen. Heldigvis har de 3 for 2 på melkesjokoladeplater på remaen, avsluttar han.