Kassadama sin kvardag

Kjære kassadame; god morgon, nei takk til pose, ja takk til kvittering, ha ein fin dag og alt slikt.

Tenkjer du over at du kan påverke kassadama sin kvardag med å gje ho eit enkelt smil og takke ho når ho seier deg beløpet du skal betale eller tilbyr deg ein pose?

Eg blir ikkje fort sint, men eg blir irritert ganske så ofte. Og det som regel når eg er på Rema 1000. Det er ikkje fordi det er irriterande lite plass i frukt og grønt avdelinga eller rundt om i butikken generelt. Det er heller ikkje fordi dagens tilbod på fersk laks er utseld. Eg vert irritert fordi så mange kundar ikkje kan oppføre seg skikkeleg! Gjentekne gongar ser og høyrer eg andre kundar som verken helser på kassadama eller seier nei takk til pose eller ja takk til kvittering. Alt for mange trykkar på telefonen,  isolerer all lyd med musikken dei har i øyra, og viser lite respekt til arbeidarane som sørgjer for at du får kjøpe den maten du vil ha.  Har me vorte til eit samfunn der me gjer ein grei f i  medmenneska rundt oss og verken kan helse eller smile fint på kvarandre sjølv om me ikkje deler same venekrets?

Eg bestemte meg for å intervjue ein rema1000-tilsett for å finne ut om dei tilsette delar mine tankar – eller om det er eg som begynnar å oppføre meg som ei eldre bestemor som klagar over dagens røyndom. Eg utførte eit uformelt intervju med Helena Aarsand, som har arbeida deltid ved fleire av dei mange Rema1000-butikkane i Bergen og omegn dei siste 2 åra.

– Sjølvsagt påverkar det min kvardag om det i løpet av eit 7 timars-skift er 200 kundar som ignorer meg og berre to som smiler og svarar meg. Eg har lært meg å hugse dei som smilar og ikkje tenke på dei som ser på meg som ein automat, men det var ikkje like enkelt i byrjinga, seier Helena.

Har du noko tankar om kva som er ein god kunde?-  Ein god kunde er ein som ser meg inn i auga og responderer til meg. Det tek den tida tek å pipe inn varene, det er ikkje noko eg kan endre særleg mykje ved. Me er i eit rolleforhold der eg er kassadame og han er kunden, eg krev ikkje stort meir enn eit smil, eit takk og eit «ha det bra» for at eg skal ha hatt ein god kundeoppleving. Det handlar litt om det å sjå at eg er eit menneske eg også, ikkje berre ei kassadame, sjølv om det er den rolla eg inntek mange timar i løpet av veka.

Kven er dei beste kundane? Dei eldre, yngre, studentar, business?  – Det varierar, verken eldre eller yngre er meir høflege. Det finst ikkje noko generell stereotypisering av dette.

Føler du at kunden sin oppførsel påverkar din arbeidsdag? Ja, absolutt. Det er utruleg kva eit takk og eit smil kan gjere, det er også grusomt kva blikk og dårleg oppførsel gjer ein. Men som regel kjem det nokre smilande personar, og då gløymer ein dei andre.

Bryr du deg om ein kunde er høfleg eller ikkje? Ja, som sagt. Det er jo jobben min, og eg prøvar å vera høfleg, men det kan bli utfordrande med kranglete kundar.

Føler du at du vert sett av kunden? Av nokre, men ikkje av dei fleste.

Har du nokre råd til korleis ein som kunde bør oppføre seg? Det viktigaste er at ein viser omsyn til kvarandre, både til andre kundar og til dei som arbeider i butikken, men det gjeld vel også sånn generelt i kvardagen.

OK, så kanskje eg tenker litt som ei sutrande bestemor, men basert på Helena sine svar, vil eg hevde at det likevel ligg noko i frustrasjonen min: – Det du kan gjere er å tenkje deg at det var du som sat i kassa og korleis du ville at kundane skulle behandle deg. Då smiler du kanskje oftare og seier takk ein ekstra gong, avsluttar Helena.

Legg igjen en kommentar