Målmennesket Miljeteig

Oddny Miljeteig er kanskje mest kjend som SV-politikar i Bergen.  Ho er ei engasjert dame som meiner mykje om mykje, og ho er ikkje redd for å snakke høgt når det gjeld. Eit tema som ho er lidenskapeleg oppteken av er språk og språklege minioritetar. Miljeteig brenn for at folk skal få lov til å uttrykkje seg på sitt eige språk, og i hjartet hennar har nynorsken ein heilt spesiell plass.

 

Foto: Marte Pupe Støyva
Oddny Miljeteig (Foto: Marte Pupe Støyva)

På spørsmål om kvifor akkurat nynorsk er så viktig for henne, svarar Miljeteig at ho har vore veldig heldig.

-Eg er oppvaksen med ei særeigen dialekt, og eg er oppvaksen med å skrive på nynorsk.

Miljeteig er oppteken av at språk er ein stor del av identiteten til folk.

-Om ein ikkje aksepterer språket til ein person, så aksepterer ein heller ikkje personen.

Sidemålskampen

Dei siste to åra har Miljeteig blitt kjend som supervervar for Noregs Mållag. Etter at Kristin Halvorsen, dåverande leiar i SV, gjekk i mot store delar av sitt eige parti i sidemålsaka i februar 2012, har Miljeteig kjempa nynorsken sin kamp. Ho seier sjølv at ho gjekk i svart den dagen. Etter dette har ho gjort det utrulege kunststykket å verve nesten 400 menneske til Noregs mållag. Oddny fortel villig om korleis vervearbeidet hennar byrja.

-Det var ein spesiell situasjon for sånne folk som meg i SV. Vi var jo så rasande.

Ho ser på forslaget om valfritt sidemål som eit angrep på nynorsken. Slike forslag er berre dårleg skjulte åttak på nynorsken, hevdar den engasjerte politikaren.

-Alle visste kor sint eg var, seier ho og ler. Ho byrja vervinga som ein reaksjon på det som føregjekk i SV.

-Plutseleg var det 20 heilt av seg sjølv, og så ringde VG.

 

Supervervar

VG ringde bergenspolitikaren i håp om å få eit karakterdrap på Kristin Halvorsen, fortel Miljeteige.

-men eg var meir oppteken av å fortelje om at eg var i gang med å verve folk til Noregs Mållag, smiler ho. Journalisten utfordra henne til å verve 100 personar, og Miljeteig vart trigga. Ho tok telefonen sin og såg gjennom kontaktlista si. Så byrja ho å sende ut meldingar.

-Då skjedde ting veldig fort. Det vart liksom ustoppeleg.

Miljeteig nytta alle kanalar ho hadde. Etter at telefonlista var gjennomgått, tok ho Facebook i bruk, og dette vart ein stor suksess. Ho seier sjølv at ho ikkje hadde hatt sjanse til å verve så mange utan sosiale media. Miljeteig starta ein Facebook-kampanje utan like.

-Nokre ting som eg skreiv var heilt spinnvilt. Eg helsa til folk i frå Ivar Aasen. Det vart mykje oppstyr.

For Miljeteig var det viktig å bruke mykje humor, trass i at bodskapen var alvorleg. Ho smiler og ler når ho fortel om vervinga, men utgangspunktet var alt anna enn morosamt. Det at folk lot seg verve så lett var eit resultat av den usikre politiske situasjonen i landet, fortel ho. Plutseleg følte folk seg som ein del av nynorsken som språk i Noreg.

-Det viste seg at nynorsken sin eksistens sit ganske djupt i folk. Folk kom ut av skapet dei ikkje visste dei hadde vore i.

Hovudpoenget til Miljeteig er enkelt og greit:

-Det er eit språkpolitisk standpunkt, ikkje ein rettskrivingskonkurranse!

Hennar kjærleik til språket sitt har ført til at ho i dag har verva nesten 400 medlem til mållaget, og fleire skal det bli. Ho treng berre litt meir tid på seg.

-Eg er overtydd om at det går tusenvis av menneske rundt som ikkje har blitt spurt om dei vil vere medlem i Noregs Mållag, som hadde sagt ja.

Legg igjen en kommentar