Vi omgjev oss med informasjon kvar dag, time og minutt. Men korleis kan ein vite at det ein les og høyrer er sant?

Menneske har eit behov for å skaffe seg kunnskap for å forstå verda, og mykje av kunnskapen får vi mellom anna frå media. Media er ein av dei viktigaste informasjonsberarane vi har, og som publikum vert vi eksponert for ny informasjon frå radio, TV, papir- og nettaviser døgnet rundt.
Ture Schwebs og Helge Østbye (2007, s.110) definerar informasjon som i praksis dekkjer ulike opplysningsorienterte stofftypar, til dømes nyheitsrapportar, reportasjar, aktualitetsstoff og kommentarar. Ein må forstå informasjonen for å forstå samanhengen. Det handlar om tolking. Det vi tek i mot av informasjon og tidlegare erfaringar og kunnskapar som ligg i hjernen vert brukt i denne tolkinga. Hjernen selekterar og sorterar, og set informasjonen i system (Schwebs & Østbye 2007, s. 204).
Massekommunikasjon
Media er ein viktig byggjekloss i eit velfungerande demokrati. Dei er med på setje dagsorden og avgjer i stor grad kva du og eg er opptekne av. Men for å tyde informasjonen og for å kunne delta i samfunnsdebatten, så er kunnskapen du får på skulen og gjennom høgare utdanning den som dannar grunnlag for forståinga di. Kan du til dømes ikkje lese, så forstår du heller ikkje informasjonen media presenterar.
Martin Eide (2011, s.10) definerar journalistikk som ein moderne institusjon som innhentar, bearbeidar og formidlar informasjon som gjer krav på å vere sann, og som kan vere demokratisk relevant. Mange vil kanskje meine at nyheitene er sjølve hovudverksemda til media. Informasjon vert spreidd gjennom alle kanalar. NRK P1 sender til dømes nyheitssendingar ein gong i halvtimen store delar av dagen, og TV2 har sin eigen nyheitskanal, som oppdaterar oss på dei siste nyheitene 24 timar i døgnet. I tillegg til dette kjem nettavisene. Samfunnsutviklinga dei siste 150 åra kan vi grovt karakterisere med stikkord som overgang frå det nære, enkle og oversiktlege jordbrukssamfunnet til det store, kompliserte og samansette industrisamfunnet (Schwebs & Østbye 2007, s. 150). Før var gjerne informasjonen retta mot individuelle og personlege behov. I dag er stikkordet massekommunikasjon. Ein har tilgang til informasjon og nyheiter akkurat når det måtte passe. Det er formidlaren som sit med makta og mottakaren har ikkje kontroll på kva han eller ho vert eksponert for. Spørsmålet er då; blir vi for overeksponert?
Tostegshypotesa
Men; forsking har vist at bodskapen vert formidla gjennom fleire ledd enn berre frå media til mottakar. Paul A. Lazersfeld, opphaveleg frå Austerrike, gjennomførte ei valundersøking i samband med presidentvalet i USA i 1940, som seinare har fått namnet Tostegshypotesa. Undersøkinga viste at massemedia berre hadde liten direkte verknad for å få folk til å endre haldningar, til dømes partistandpunkt (Schwebs & Østbye 2007, s. 211). Den påverknaden som kunne få folk til å endre standpunkt kom fyrst og fremst frå andre menneske. Desse personane vert kalla opinionsleiarar. Ein opinionsleiar er ein person som vert oppfatta som litt meir kunnskapsrik og aktiv enn gjennomsnittet. Dette er gjerne menneske som folk har tillit til og nær kontakt med. Ein kan difor anta at mykje av massekommunikasjonen ein vert eksponert for vert silt ut, og at relevant informasjon vert valt vekk.
Dess fleire medium som omtalar ei sak, dess viktigare framstår den for publikum. For at eit demokrati skal fungere optimalt, så er det viktig med ei uavhengig presse og mange kommunikasjonskanalar, for at alle kan få delta i den offentlege samfunnsdebatten. Utfordringa er at med dagens teknologi kan kven som helst publisere det ein måtte ønskje på sosiale medium, bloggar og liknande. Dette fenomenet har vokse seg stort dei siste åra og mange tenar pengar på å spreie eit bodskap. Tyder det at vi ikkje treng journalistar lengre? Nei. Sjølv om nokon spreier eit bodskap, så er ikkje det automatisk journalistikk. Men denne utviklinga kan gjere det vanskelegare å skilje kva som er god og kva som er dårleg kommunikasjon. Når ein les eit blogginnlegg om eit bestemt tema, korleis kan ein vite at det han eller ho skriv om er riktig? Ver difor kritisk til informasjonen og still spørsmål. Kven er kjelda bak informasjonen? Og er dette ei truverdig kjelde? Eit blogginnlegg kan sjølvsagt vere utgangspunktet for ei sak, men nyheitene ein les, ser og høyrer er som regel ikkje ein kopi av det.
Det er vanskeleg å skilje mellom god og dårleg informasjon i dag om ein ikkje er kritisk. Samfunnet har difor meir enn nokon gong trong for pålitelege og truverdige informasjonsberarar, som journalistar i TV, radio og avis, men også at du som privatperson er kritisk og stiller spørsmål til informasjonen som vert presentert.
Referansar:
Eide, M. (2011) Hva er journalistikk? Oslo, Universitetsforlaget.
Handgaard, B., Simonsen, A.H. & Steensen, S. (2013) Journalistikk. Oslo, Gyldendal Norsk Forlag.
Schwebs, T. & Østybe, H. (2006) Media i samfunnet. 5 utgåve. Oslo, Det Norske Samlaget. Side 110.