Korleis taklar moderne litteratur sosiale media? Har Facebook tatt over for romantikken? Er den einaste løysinga å flykte frå det moderne samfunnet og søke ly innerst i ein Vestlandsfjord der ingen kjenner deg att?

I Agnes Ravatn sin roman Fugletribunalet som kom ut i 2013, gjer hovudpersonen nettopp dette. Allis er ein NRK-kjendis som blir innblanda i ei sexskandale på jobben. Ho vel å stikke av frå alt saman. Ho prøver å byrje på nytt som hushjelp og gartnar for ein ukjend person så langt unna resten av samfunnet som ho kan komme. Denne personen viser seg å vere Sigurd Bagge – ein svært inneslutta og mystisk mann. Romanen utviklar seg etterkvart til ei slags kjærleikshistorie der to einsame menneske lever saman langt unna det moderne livet.
Kjærleik er som alltid eit svært aktuelt tema i litteraturen. Det har blitt omtalt på alle mogelege måtar i alle sjangrar, og folk får aldri nok av historiene om kjærleik. Men kva skjer med kjærleikshistoriene i vår tid, når sosiale media i realiteten har tatt over? Går det an å skildre ei moderne kjærleikshistorie når sosiale media spelar ei sentral rolle i kvardagslivet til folk flest?
Det er jo ikkje til å unngå at sosiale media har blitt avgjerande for kjærleikslivet til mange i Noreg i dag. I jakta på den rette har det blitt ein del av prosessen å ”stalke” nokon på Facebook, vurdere kvarandre sine profilar, google personar ein er interessert i, følje dei på Twitter, sende snapchatbilete til kvarandre og så vidare. For ikkje å snakke om datingnettstader og datingappar, som blir tatt i bruk av fleire og fleire. Dette er realiteten, men det er kanskje ikkje særleg romantisk. Ny, moderne litteratur har i alle fall ikkje inkludert sosiale media i sine skildringar av det moderne livet. Det blir skrive om kjærleik, men litteraturen gjenspeglar ikkje kvardagen.
I Fugletribunalet rømmer hovudpersonen frå alt dette, og løyser dermed problemstillinga på ein enkel måte. Forfattaren av boka har sjølv uttalt seg kritisk til sosiale media, og ho har valt å slette sin Facebook-konto. Ravatn skriv i ein artikkel for Dagbladet: Eg kjenner knapt éin person i min eigen generasjon som ikkje lever i eit ulykkeleg ekteskap med internett (Ravatn:2012). Ho er med andre ord ikkje særleg begeistra for sosiale media, noko Fugletribunalet gjenspeglar.
Denne romanen er eit godt døme på ny, norsk litteratur som har blitt godt mottatt av publikum. Historia er satt til notida, og kjærleik er definitivt eit tema i boka. Likevel er sosiale media ikkje til stades i romanen i det heile, og dette er ein tendens som går att i påfallande mykje norsk litteratur. Vi held fram med å skrive om kjærleik, forhold og samliv, men sosiale media er stort sett ikkje-eksisterande i skjønnlitteraturen. Det er vanskeleg å avgjere om dette skuldast at sosiale media er så nytt at litteraturen ikkje er klar for det endå, eller om det moderne mennesket rett og slett mista romantikken ein stad på vegen. Når kommunikasjon skjer på Facebook i staden for i (kjærleiks)brev, har kanskje den store kjærleikshistoria blitt umogeleg. Med mindre ein gøymer seg i eit lite hus innerst i ein Vestlandsfjord.
Ravatn, A. Fugletribunalet 2013 Samlaget, Oslo.
Ravatn, A. (2012) Vi lever i et ulykkelig ekteskap med internett [Internett] Henta frå: <http://www.dagbladet.no/2012/11/09/kultur/debatt/kommentar/ideer/selvhjelp/24285772/> Lasta ned 24.02.14
Samlaget Fugletribunalet [Internett] <http://samlaget.no/nn-no/skjonnlitteratur/romanar-og-noveller/romanar/fugletribunalet/innbunden.aspx> [26.02.14]