
Evelyn Eggum frå Leikanger i Sogn og Fjordane er fersk i førskulelæraryrke. No jobbar ho som pedagogisk leiar i Mulesvingen barnehage i Bergen og trivst godt med det. Så lenge eg har kjent ho, har ho alltid likt å omgås med barn. Eg møter ho på arbeidsplassen for å lære om språk og kommunikasjon med dei små.
Me finn oss på barnehagen sitt uteområde. Endå om det er ein regntung dag i byen, sett det ingen stoppar for uteleik. Det kan virke som om ungane ikkje ein gong legg merke til at det pøsar ned.
– Det er viktig at me får vere ei stund ute i løpet av dagen og får litt frisk luft, det gjer godt for både barn og vaksne. Eg trur borna er dei einaste her i Bergen som ikkje klagar på vêret, seier Evelyn og ler.
Evelyn fortell at nokre av grunnane til ho valte dette yrket er fordi det å jobbe med barn gir ho mykje. Ein får samstundes ein aktiv kvardag som byr på ulike utfordringar og ulike oppgåver.
– Det beste med yrket mitt er som nemnt den varierte kvardagen. Ein lærar og høyrar noko nytt kvar dag og ein får vere med på å gi barn i ulike situasjonar ein god barndom. Ikkje alle har det like lett og i min jobb får eg moglegheita til å hjelpe og organisere utifrå korleis behov dei ulike barna har.
Som pedagogisk leiar har ein det pedagogiske ansvaret for barn i forskjellig alder. Ein må samarbeide saman med foreldre, personalet og ikkje minst barna. Ein lagar veke-og månadsplanar og har avdelings/basemøter. Ein pedagogisk leiar skal også ta tak i eventuelle konfliktar og er bindeleddet mellom personalet og styrar.
Kva slags personlege eigenskapar er viktig å ha i dette yrket?
– Ein må kunne samarbeide, vere løysningsorientert, glad i barn, organisert, kreativ, motiverande og ikkje minst tålmodig. Desse eigenskapane gjeld sikkert i mange yrker der ein har mykje kontakt med andre menneske og der læring er i fokus, seier Evelyn.
Medan eg står å snakkar med Evelyn, kjem det to små gutar bort for å fortelle at dei har funne eit dinosauregg bak ei busk og lurer på kva dei skal gjere med egget. Like entusiastisk som borna, svarar ho at dei kan dekke det til med nokre blad, slik at det held varmen, kanskje finn dei noko mat den kan få når han kjem ut av egget. Gutane nikkar og spring ivrig bort til grasbakken for å sanke inn blad. Korleis er det å kommunisere med barn?
– Å kommunisere med barn handlar om sjå barns perspektiv og ein lyt tilpasse innhaldet og gjere seg forstått på ein måte som barnet vil forstå. Samstundes lyt ein huske på at me er språkmodellar for barnet og at dei skal gjennom god kommunikasjon skal få varierte og rike erfaringar som styrkar ordforråd, omgrep og liknande. Tidleg og god språkstimulering er ein viktig del av barnehagens innhald.
Evelyn fortel vidare at i førskuleutdanninga er det lagt stor vekt på kommunikasjon med barn.
– Eg har lært at kommunikasjon dannar grunnlaget for eit godt språkmiljø og ikkje minst den generelle språkutviklinga Alt heng saman, og kommunikasjon er ikkje «berre» ein dialog mellom to individ.
Utfordringane som gjeld kommunikasjon mellom vaksne og barn kan være at ein ikkje alltid ser dei individuelle behova eit barn kan ha. At ein ikkje har tolmod og stressar barnet, noko som kan resultera i at barn vegrar seg neste gong han eller ho treng å snakke. Eventuelt at ein ikkje ser situasjonar frå barns perspektiv noko som vil forvirre barnet og forhindre ein god samtale, forklarar Evelyn.
I barnehagar er oftast aldersaspektet på barn frå null til fem år. Derfor vil kommunikasjonen mellom vaksne og barn variere alt etter alder på barnet.
– Å kommunisere med barn som ikkje har utvikla talespråket samanlikna med born som har byrja å snakke er heilt klart ein forskjell. Med barn som ikkje har utvikla talespråket sitt, brukar me nonverbal kommunikasjon, lydmalande ord og til bilde osv. Her må me vere bevisst på korleis me kommunisera, slik at barnet blir betre rusta til å kommunisere tilbake. Me vaksne må også vere obs på korleis små barn kommunisera med kroppsspråket og gestar
I Mulesvingen barnehage kjem nokre av barna frå andre land, og dei snakkar difor lite eller ikkje noko norsk.
– Dette vil sjølvsagt begrense samspelet kommunikasjonen gjev oss. Både den nonverbale, samt den verbale kommunikasjonen er viktig for å utvikle eit godt munnleg språk. Me brukar enkelt teiknspråk, setter ord og bilde saman og har meir fokus på omgrep og enkle setningar. Me byggar opp ordforrådet til barnet og på den måten blir barnet meir rusta for å kunne sette saman ord til setningar. Det viktigaste er at barnet fyrst og fremst kan gjere seg forstått.
Evelyn må avbryte intervjuet ei lita stund, då ho ser at ein av ungane blir henta. Etter eit par minutt kjem ho tilbake og forklarar at foreldra bør alltid få høyre korleis barnet har hatt det i barnehagen, samt gi andre viktige beskjedar.
– Å kommunisere med foreldre er like viktig som å kommunisere med barna eller personalet i barnehagen. Ved å danne eit godt samarbeid og skape rom for open dialog har ein laga eit godt grunnlag for dette. Foreldre og barnehagens personale har eit felles ansvar for barns trivsel og utvikling. Det daglege samarbeidet mellom heim og barnehage må byggjast på gjensidig openheit og tillit. For å oppnå dette er god kommunikasjon kritisk.
Mitt intervju med Evelyn er no over. Eg har fått betre innsyn i kor viktig kommunikasjon med born er. I barnehagen må samarbeidet mellom foreldra og personalet vere samkøyrt for at ein skal få ei optimal læringskurve. På denne måten ser eg korleis god kommunikasjon blir ein evig sirkel.