Ungdommar frå heile Noreg vel å flytte til Bergen når dei skal ta fatt på studietida. Dette gjer at Bergen sitt studentmiljø består av eit mylder av dialektar frå heile landet.

På vidaregåande lærte me om dei ulike dialektane i Noreg, og om bruken av kløyvd infinitiv og apokope. Me har også gjennom årevis av fjernsynssjåing klart å plukke opp forskjellane på korleis folk snakkar her i landet. Eg hugsar iallfall at eg var tidleg ute med å legge merke til at karakterane i favorittseriane Mummitrollet og Dyra i Hjorteparken hadde ulik måte å snakke på. Eg har alltid sett på dette mylderet av dialektar som ein blomsterbukett i ulike fargar, og at mangfaldet av dialektar er noko av det som gjer Noreg til eit kulturrikt land. Dialekt er identitetsskapande, det fortel folk kvar du er frå. Uansett kvar ein reiser i verda vil dialekta frå heimstaden alltid vere ein del av deg.
Når eg vendte nasen mot Bergen i 2010 tenkte eg at byen allereie var full i sogningar, så dialekta mi hadde gjort sin debut der lenge før eg kom. Men eg merka raskt at talemåten min frå Indre Sogn ikkje var kjent for alle. Då eg og veninna mi frå Sogndal hadde ein samtale då me var med ein studentgjeng, var det ein gut frå Kristiansand som følgde fascinert med. Til slutt sa han at han ikkje kunne forstå eitt einaste ord frå samtalen vår. Ein anna gong når eg var på kafé og skulle bestille, fekk eg spørsmål om eg kunne vær så snill å snakke engelsk fordi han ikkje forstod språket mitt. ”Ke e da so e i danna chilikaffien?” vart frustrerande nok bytta om til ”whats in that chilicoffee?”. Dette byggjer seg naturlegvis opp til ein frustrasjon i meg over tid.
Eg har fleire gonger tenkt at det hadde vore så mykje lettare dersom eg hadde snakka austlandsdialekt, slik som over ein million andre gjer i Noreg. Som når eg til dømes har framføring i seminar, og eg kan sjå på blikket til nokre av mine stakkars medstudentar at dei slit med å få med seg samanhengen av det eg seier. (Nokre av vennene mine frå Sogn ser på dette som ein fordel, og snakkar med ekstra tjukk dialekt når dei ikkje eigentleg veit sjølv kva dei formidlar). Men så blir eg litt fornærma og tenkjer at dersom nokon ikkje forstår, så skal eg ikkje leggje om på dialekta mi, men heller halde sterkare på den. Det er ikkje negativt å vise kvar du er frå, det er ein del av deg. Ei veninne av meg gjer alltid dette i praksis når ho møter på kommunikasjonsutfordringar, og det er utruleg underhaldande å vere vitne til. Ein gong me var ute på byen, overhøyrde eg ein samtale ho hadde med ein i klassen der ho fortalte han i ekstase om dei billige drinkane. ”Da e so bra at da berre kosta nisjan krone for shotten!” uttrykte ho, og den stakkars samtalepartnaren hennar frå Oslo svarte ”hæ?!” tre gonger før han forstod at nisjan krone er det same som nitten kroner.
Heldigvis har sognemål blitt meir kjent for folk etter at nokre profilerte sogningar dukka opp meir på fjernsynsskjermen. Dette er eg takksamd for, og eg ser fram til at kommunikasjonsutfordringane i kvardagen blir færre i framtida. Eg kan forstå at nokre sogne-uttrykk kan vere vanskeleg å fortstå, så til slutt lagar eg ei lita ordliste.
Sognemål: Vi du bli me å maula ei kjøtlefsa å preika vaol?
Bokmål: Vil du bli med å spise pizza og snakke tull?
Sognemål: Ao, pao, dao
Bokmål: Av, på, da
Sognemål: brokji
Bokmål: buksa
Sognemål: knitte
Bokmål: kneet
Sognemål: seusjan, asjan, nisjan
Bokmål: søtten, atten, nitten
Sognemål: Snedde
Bokmål: Lettvindt
Sognemål: ilt
Bokmål: vondt
Sognemål: øye
Bokmål: veldig
– Andrine Rygg
Ett svar til “Kommunikasjonsutfordringar ein møter på som sogndøl”
Fin tekst, Andrine. Nordmenn er eit folk skilt av felles språk.
Illustrasjonsbiletet kunne med fordel vore plassert høgare oppe, i lag med ingressen eller noko slikt.