
Dagen vi alle har venta på er endeleg her! Absalong er attende! Nye lokal, men med dei samme folka, og det samme mørke vanviddet. Vi startar med å feire ein av våre eigne, meisterteiknaren Kim Holm, kjend som Den Unge Herr Holm. Det vert med andre ord fest! Sleppefest for Pickman’s Model, av Den Unge Herr Holm, basert på H.P. Lovecraft si novelle, den 30. august.
H.P. Lovecraft er ein sentral skikkelse i moderne populærkultur og skrekkestetikk, men han er ein mann som få har klart å fange visuelt. I fleire år har Kim Holm jobba med denne utfordringa og resultatet har blitt ei teikneseriebok på litt over 100 sider, som vil skape grøss og glede! Pickman’s Model er forteljinga om den mystiske malaren Richard Upton Pickman fortald av ein av hans få attverande vener. Sanninga om maleria rystar forteljaren like mykje som lesaren.
Kim Holm bør vere kjendt for faste gjester på Absalong som mannen som har stått bak dei fleste plakatane våre, samt som mannen som prøvde seg som køntrisongar på eit av våre arrangement. Andre vil kjenne han frå Nemi og ulike andre teikneseriepublikasjonar. Streken hans er solid og lett attkjenneleg, og han hauster god kritikk verda over for arbeidet sitt.
Denne kvelden vil han presentere verket sitt, og det er gode sjansar for at det skjer ein og annan ting. Vi oppdaterar Facebook og mailinglista med informasjon etterkvart som arrangementet nærmer seg.
Vi har fått oss nye fine lokal, like ved lillelungeren, hjå VIP Lounge. Her opner vi dørene klokka 19.00 den 30. august og vonar at du og dine vener vil vere med å sparke liv i moroa att. Moroa koster som vanleg 50 kroner.
Vel møtt.