Internkommunikasjon på arbeidsplassen kan vere ei utfordring. Korleis er det da når arbeidsplassen er tospråkleg?
Signo Konows senter er eit butilbod til døve og døvblinde i Bergen, og er ein del av Signo som har ni ulike virksomheiter i Noreg. Med 140 døve ansatte er dette Norges største arbeidsplass for døve. På Signo Konows senter i Bergen er det 85 ansatte og av dei har 20% av dei ansatte teiknspråk som førstespråk.
Signo tyder «eg teiknar». I magasinet deira MagaSigno står det forklart at «å verne om menneskeverd er en stor utfordring, og det starter med kommunikasjon». Internkommunikasjon handlar om informasjonsflyt og kommunikasjon mellom leiarar og medarbeidarar, og kommunikasjon mellom enkeltpersonar. Signo Konows senter har eit eige intranett over heile Noreg, og i tillegg har senteret i Bergen eit internt intranett. Her har alle ansatte ei eiga side og månedsbreva er både i tekstutgåva og oversatt til teiknspråk av tolk, og lagt ut på nettsida som video. Teiknspråk har ikkje eit eige skriftsspråk, og derfor må språket festes til ein video via ein språkmodell for å ta vare på teksten.
Gøril (35) og Linnea (22) er to av dei ansatte ved sjukeheimen ved Signo Konows senter i Bergen. I tillegg til å vere kollegaer, underviser Gøril i teiknespråk og Linnea er elev. For Gøril tyder Signo ein moglegheit til fast arbeid, og ho har vore tilsett der i tre og eit halvt år. Døve har ikkje like mange alternativ som høyrande når det kjem til val av yrke. Derfor meiner Gøril at det er viktig at folk som er døve er flinke til å sjå etter moglegheiter. Mange døve jobbar i skule, barnehage eller sjukeheim. Gøril er opprinnleg frå Bergen, men budde ei periode i Stavanger. Der jobba ho som einaste døve på ein omsorgsbolig der folk kunne lite teiknspråk. Ho fungerte da som lærar, sjølv om ho er ufaglært. Ein gong i veka underviste ho dei ansatte i teiknspråk. Dette gjorde at dei døve beboarane kjente seg mykje tryggare, sidan dei no kunne forstå og bli forstått.
«Det kjennes ut som ein kamp å vere den einaste som er døv på ein arbeidsplass, der ein må få andre til å forstå at ein kan klare jobben sin sjølv om ein er døv. Ein treng jo berre fleire hjelpemiddel», seier Gøril. Ho smiler før ho igjen får eit seriøst blikk. «Det er ingen god oppleving å bli oversett sjølv om du har noko å bidra med», forklarar ho. Samstundes meiner Gøril at døve bør vere forbredt på at høyrande kan ha fordommer og heller prøve å snu situasjonen til noko positiv. Da er det lurt å bruke mykje kroppsspråk og vere visuelle. Det er fleire, både ansatte og beboarar, som ikkje er vant til å kommunisere utan tale, men i følgje Gøril går dette seg til etter kvar. «Og Signo har fast tolk på huset», legg ho til.
Gøril samanliknar det å vere einaste døve på arbeidsplassen med ei klasse der kun to er døve. Desse to blir da heilt avhengige av kvarandre. «Når ein ikkje forstår kvarandre blir det vanskeleg å kommunisere, dette seier jo seg sjølv», seier ho alvorleg. Og nettopp derfor er Konow Senter avhengig av at også høyrande lærar seg teiknspråk. Det var ein lettelse for Gøril å kome til Konows senter, etter å ha budd ni år i Stavanger. På Signo er det tilgang til informasjon og hjelpemiddel som til dømes 149-teksttelefon. Dermed vart Gøril sin kompetanse satt pris på. «Det var godt å kome tilbake til Bergen. Her er mange av kampene allereie vunne», seier bergensaren med eit smil. Ho skryt av døvemiljøet i heimbyen, som er større med fleire moglegheiter. Sidan dei store byane byr på fleire moglegheiter, er det mange døve som velgjer å busetje seg her.
Ho meiner at to som er døve vil kunne føre ein samtale raskare enn to høyrande, men at ein døv og ein høyrande også vil kunne kommunisere effektivt, så lenge begge er innstilt på å forstå kvarandre. Kommunikasjon mellom døve og høyrande er ei stor utfordring. Og da er den døve avhengig av at den høyrande er innstilt på å lære teiknspråk. «Sjølv om ein kjem langt med god innsats», skunder Gøril å legge til. Ein må nemleg tørre å kaste seg sjølv i det, og prøve seg fram. For å betre kommunikasjonen på arbeidsplassen bør ein bli kjent med kvarandre sin bakgrunn, kultur og miljø. Gøril oppfordrar derfor døve og høyrande til å våge å sitte meir saman i sosiale lag.
For eit halvt år sidan hadde arbeidsplassen hennar eit foredrag om kommunikasjon der bodskapen var at god kommunikasjon på arbeidsplassen er viktig. Gøril meiner at det var mange som fekk opp augo i løpet av dette foredraget. «Vi jobber faktisk på ein sjukeheim for hørselshemma, og da er det avgjerande at kommunikasjonen fungerer», seier Gøril engasjert. Ho fortel vidare at ei kvinne i løpet av foredraget uttrykte at dersom ein ikkje hadde lært teiknspråk i løpet av to år i arbeid på Signo Konows senter, burde ein få sparken. Gøril syns det er bra at haldningane kjem så klart fram. «Ein må lære teiknspråk for å arbeide på ein sjukeheim for hørselshemma. Så enkelt er det», seier ho og nikker.
Det er opp til arbeidsplassen å legge til rette for at ansatte får moglegheit til å lære teiknspråk. På Signo Konows senter skal nye tilsette få tilbod om å byrje å lære teiknspråk to veker før dei tek til i jobben. «Det er viktig at dei kjenner seg trygge når dei kommuniserer», meiner ho. Det første dei lærer er grunnleggande teikn og alfabetet. Dette kan ein, i følgje Gøril, kome langt med. «Det er kjekt når folk viser interesse, og da blir læreprossesen enklare og det blir kjekt!».
Linnea Sund Stråbø (22) var ferdigutdanna sjukepleiar til sommaren, og på utkikk etter jobb. Da ho såg stillingsannonsa til Signo Konows senteret, syns ho det verka spanande med ei ekstra utfordring. «Eg har lenge hatt lyst å lære teiknspråk, og no fekk eg moglegheita», seier ho. Samstundes syns ho at det var skummelt, spesielt i byrjinga da ho følte at ho ikkje forsto noko. Men etter kvart gjekk det seg til. «Ein må oppleve det for å skjønne det», forklarar Linnea. «Det som er framand er jo uforståeleg, men etter kvart som det blir kjent blir det gjerne meir forståeleg».
Ho bruker mykje kroppsspråk når ho snakkar, og innrømmer gjerne at dette er noko ho har lagt til seg etter at ho byrja i jobben. Etter at ho byrja å lære teiknspråk har ho forstått at teiknespråk ikkje berre er teikn, men at det er mykje kroppsspråk og utrykk. «Og det er veldig visuelt!», seier Linnea engasjert. «Det er viktig å lære seg teikna, men ein kjem også langt ved å vere kreativ dersom ein ikkje kan teikna som ein ønskjer å uttrykke», forklarar Linnea medan ho aktivt bruker hendene når ho snakker.
Ett svar til “Internkommunikasjon på arbeidsplassen”
Kjempeinteressant. Dette synest eg var eit bra intervju og tema.