Kategorier
Aktuelt: Fagleg

Bergenseren – eit talerøyr for Byrådet?

Forside Bergenseren nr. 3 - 2005 BILDE: BERGEN KOMMUNE, SEKSJON INFORMASJON

Bergen kommune si informasjonsavis, Bergenseren, er eit organ som skal sørgje for at innbyggjarar i Bergen får relevant og nødvendig informasjon om kommunale tenestetilbod. Informasjonsapparatet skal vere nøytralt og ikkje partipolitisk farga. Men den siste tida har informasjonsavisa motteke kritikk frå ulike hald for å vere nettopp dette.

31. januar i år går Harald Schelderup ut i BA (Bergensavisen) og kritiserer byrådet for å drive høgrepropaganda i Bergen kommune si informasjonsavis, Bergenseren. Schelderup legg vekt på kor viktig det er at informasjonen her er faktabasert og partipolitisk nøytral. Han syner til siste nummer av Bergenseren, der han meiner byrådet driv partipolitisk propaganda: «Utgaven er preget av at de syv byrådene får drive partipolitisk agitasjon og fremme et glansbilde av Bergen», seier AP-leiaren.

I den aktuelle utgåva av Bergenseren vert ikkje dei særs aktuelle sakane som gjeld forfallet av bergenskulane og stenginga av alle barne- og ungdomsskulane løyva eit ord, og dei drøftar heller ikkje mangelen på sjukeheimsplassar. Dette er, meiner Schelderup to store sakar som har fått mykje medieomtale i det siste, og han er forbausa over at ikkje det offentlege informasjonsorganet til kommunen tek dette opp.  Spalteplassen hevder han vert nytta av byrådsleder Monica Mæland og finansbyråd Liv Røssland til å, uimotsagt, få kritisere regjeringa, og syner til den aktuelle utgåva av informasjonsavisa der byrådsleiaren og alle byrådane hennar har fått komme til orde.

Snikvalkamp i informajonsavis

BA har 2. februar ein leiar på trykk der dei viser til Harald Schelderup sin kritikk av Bergenseren. BA peikar på leiarplass på misforholdet mellom det at redaktøren i Bergenseren (informasjonsdirektør i kommunen) legg vekt på at dei vil syne fram tilsette og tenestene i Bergen kommune, ikkje politikarane, og det at den siste utgåva av informasjonsavisa fungerer som eit ukritisk talerøyr for byrådet. BA legg vekt på at det ikkje er unaturleg at Byrådet vert intervjua om det kommunale budsjettet, heller tvert om. Det både Harald Schelderup og BA på leiarplass reagerer på er at byrådane får, utan at nokon tek til motmæle, leggje fram sin viktigaste sak i ei nøytral informasjonsavis frå kommunen. Dette luktar valkamp og partipolitikk, skriv BA.

Eit fritt og uavhengig organ?

5. februar tek informasjonsdirektør, Eva Hille, til motmæle i BA, og avviser at det er noko hald i påstandane frå opposisjonen. Ho meiner sjølv Bergenseren forsøker å informere nøytralt, og legg vekt på at som informasjonsavis for ein organisasjon kan Bergenseren aldri oppfylle dei same kriteria som ein forventar av ei fri og uavhengig presse.

Odd E. Rambøl, vararepresentant til bystyret for Ap, svarar Hille i eit innlegg på trykk i BA, den 11. februar. Han meiner det vert feil å nytte omgrepet «organisasjon» om Bergen kommune fordi det gjev assosiasjonar til organisasjonar som Røde kors, idrettslag mfl., som er stadar der menneske med felles målsetjingar og verdiar samlast for å verkeleggjere desse. Ein kommune, styrt av eit kommunestyre, peikar Rambøl på, er samansett av menneske med ulike verdiar og målsetjingar, og med store usemjer i korleis måla skal realiserast. Informasjonsavisa for kommunen må difor synleggjere desse ulike politiske oppfatningane.

«Det er en misforståelse å tro at man er «nøytral» dersom man bare gjengir vedtakene byrådspartiene har vedtatt – og lar det bli med det.», skriv Rambøl. Han meiner Bergenseren må ha som mål å skildre meir balansert kva som faktisk skjer i politikken i Bergen, og gje informasjon ikkje berre om vedtaka, men og om prosessen som førte til desse, og om alternative moglege avgjersler. Og her ligg ei primær oppgåve for eit informasjonsorgan meiner Rambøl: Å gje folk kunnskap nok til å sjølve kunne vurdere den informasjonen som vert gjeve dei. Slik sikrar ein demokrati.

Kjelder: BA 31.01.2012, BA 02.02.2012, BA 05.02.2012, BA 11.02.2012. (Alle utgåvene er tilgjengelege hjå A-tekst)

Legg igjen en kommentar