Øving gjer mester (foto: Marte Jørgensen)
Ein må fram. Og helst skal ein komme fram raskt. Jobben som ambulansearbeidar byr på mange utfordringar, men for Alf Magne Svarstad er dette meir enn ein jobb. Det er 10-års jubileum i år. 10 år sidan første gong han satt sine egne bein i ein ambulanse. Utrygge, men likevel spente steg. Dette var ikkje ei impulshandling, lenge hadde han visst at dette var den rette jobben for han.
For Alf Magne er det viktig å opplyse andre om kor lite som skal til for å hjelpe. Kvart år er han innom heimbygda Bremanger for å drive opplæring innan hjerte- og lungeredning for skuleelevar. Dette er eit arbeid han set stor pris på, og noko Noregs befolkning skulle repetert minst ein gong i året, syns Alf Magne.
– Hjerte og lungeredning er ei lita hjelp som kan hjelpe mykje, og i realiteten vere forskjellen mellom liv og død. Ein eller annan gong vil alle havne i ein situasjon der det kan måtte stå om liv, enten ein er førstemann til ei alvorleg bilulukke eller nokon på arbeidsplassen din plutseleg fell om.
Ofte opplever han å komme til ein pasient der personen som driv med hjerte og lungeredning stoppar opp med ein gong blålyset frå ambulansen er og sjå. Dette er ei feiloppfatning Alf Magne gjerne vil komme til livs med. Utførar ein førstehjelp skal ein fortsette med dette heilt fram til ambulansepersonellet seier noko anna, fortel Alf Magne. Nok ein gong siktar han til det korte skiljet mellom liv og død. Den erfarne ambulansesjåføren skulle gjerne sett at førstehjelpskurs var obligatorisk på alle arbeidsplassar og innanfor ulike delar av frivillig arbeid. Han forstår at folk kan føle seg usikre på korleis førstehjelp skal utførast, og dermed ikkje vågar å ta denne hjelpa i bruk. Men øving gjer meister, og eit par brekne ribbebein på pasienten er tross alt betre enn eit dødsfall.
Eit skjerpa hovud
Vegen frå glede til sorg er minimal. Dette er noko ein må lære seg å leve med, seier han. Nokre gonger må likevel følelsar komme fram og bearbeidast. Då er det godt å kunne snakke med kollegaer om kva ein har opplevd.
– Livet er veldig kjært. Du kan oppleve ein persons siste lungedrag, eller skrikinga til eit nyfødt born. Alt kan skje. Denne jobben gav meg eit nytt perspektiv på livet.
Under ein kvar utrykking skal hodet til ambulansearbeidaren vere skjerpa. I ein arbeidskvardag der ein møter akutte sjuke eller skadde menneskjer, har ein ikkje rom for tankar som plagar ein. Jobben er altoppslukande, og når ein først har fri er det viktig å koble skikkeleg av, meiner Alf Magne. Ein ambulansearbeidar gjev både akutt og livreddande behandling, samtidig som ein også sørgjer for transport til og frå behandlingsstader. Krevjande er det, men nok ein gong presiserer han at fokuseringa må vere på plass. Til spørsmålet om alle passar som ambulansearbeidar, kjem det resolutt eit nei frå Alf Magne. Ein må ha ei forståing for medmenneskjer, eit genuint ynskje om å hjelpe og evna til å fokusere når det stormar som verst.
Smale vegar
Alf Magne er ambulansearbeidar i ei lita bygd på Vestlandet med grovt rekna rundt 2000 innbyggarar. Dårleg vær og smale vegar er kvardagsleg og byr ofte på utfordringar. Hjelpa skal fram, om det så skulle vere sol eller orkan ute. Likevel kunne han ikkje tenkt seg å jobba i større byar.
– Etter ein praksisperiode i Bergen var eg fast bestemt på å vende tilbake til utkanten. Følar sjølv det er vanskeleg å sette fingeren på akkurat kvifor. Det er sjølvsagt negative sider ved å vere ein ambulansearbeidar ute i distrikta. Dårlege vegar og knapt med tid er to ting som ikkje samsvarar med kvarandre, og ofte må det risikovurderingar til. Det er også ein lengre veg fram til behandlingsstadane her i utkantane, men likevel er det altså her ute på bygda eg trivst med å jobbe.
Ei trygg hand å halde i
Mange blir roligare dersom dei har ei trygg hand å halde i, seier han. Alf Magne er eit velkjend andlete blant bygdas befolkning. Ein gong fekk også alarmsentralen oppleve dette då det skjedde ei ulykke med naboen til Alf Magne. Denne naboen kutta seg djupt i handa, og mora til naboen såg ikkje anna råd enn å ringe til 113. Det einaste denne mora klarte å få fram på telefonen var at alarmsentralen måtte sende Alf Magne og ambulansen, før ho etterkvart la på utan vidare informasjon.
– Eg lo litt av denne hendinga, men den som i etterkant lo mest, var innringaren sjølv. Dette er sånne ting ein lett kan oppleve dersom panikken tek overhand. Men det skal seiast eg til slutt kom med ambulansen, så det meste kan løysast av alarmsentralen.
Det er også tunge sider ved å vere eit velkjend andlet i bygda. Ein kjenner også dei fleste sjølv, seier han. Om det så måtte vere å hente si eiga bestemor eller oppleve ein nær svinne henn før ein når fram til behandlingsstaden. Tunge tak er det mange av i denne jobben, men ein annan jobb enn nettopp ambulansearbeidar er for Alf Magne uaktuelt. For han er gleda ved å hjelpe større enn noko anna.