Fagprat: Vitalisme hjå Hans E. Kinck

Entusiastisk nordist. (Foto: Marie Hofseth Christensen)

Det skjer mykje spennande på lesesalen for nordisk-studentar i 4. etasje på HF-bygget. Her flikkar nokre med dialektprøvar, andre føretek ny-lesingar av Tarjei Vesaas eller Nordahl Grieg. Nokre sit med sosiolingvistiske analysar, andre les essays eller poesi. Det samanliknast, vurderast og analyserast. Nokre undersøker stortingsmeldingar for norskfaget, medan andre studerer gamle norrøne tekstar. Her er mykje snadder for den som er glad i språk og litteratur. Mitt oppdrag er å skrive om kva ein nordist eigentleg held på med, og målet er å komme i kontakt med ein av desse flittige maurane.

I sofakroken utanfor lesesalen hukar eg tak i ein av dei. Ho heiter Marte Rastad, og rykta på huset seier at ho er nordiststudentane sin fremste ekspert på Hans E. Kinck (1865 – 1926). Vitalismen (red: filosofisk/litterær teori som fokuserer på livskrafta i menneske, framfor fysikalske og kjemiske element) tyt visstnok ut frå sidene hjå både Kinck og Rastad, og eg har høyrt noko prat om ei slags fele, men kva er det Rastad som er på sitt siste semester på masterprogrammet i nordisk språk og litteratur eigentleg held på med?

 

–          Du har valt tekstar av Hans E. Kinck som utgangspunkt for masteroppgåva di, Marte.  Kan du fortelje litt om han? Kva er det for ein kar?

 

–          Kinck er kanskje den største av Norge sine novelleforfattarar. Han har skrive drama og romanar, men det er heilt klart med novellene sine han utmerkar seg. Han kan òg seiast å vere den som introduserte den moderne novellesjangeren i Norge. Han braut ut av ein slags gammal novelletradisjon og gjekk over i noko nytt, over i noko moderne.

 

–          Kva bestod dette skiftet i? Kva endra seg i novellesjangeren med Kinck?

 

–          Nei, det ein tydeleg kan sjå er ein overgang til ein mindre fast struktur i novellene. Forma vert friare, så å seie. Kort fortalt får ein ei novelleform som er meir opptatt av subjektet eller individet.  Medan ein på 1800-talet skreiv noveller som gjerne la fram ei samfunnsnorm, ein klår moral, eller eit plot sentrert kring ytre handling, byrja mellom anna Kinck seint på 1800-talet/tidleg 1900-talet å verte opptatt av å undersøke individet og dei psykiske særdraga ved det.

 

–          For dette hadde ein ikkje vore særleg opptatt av tidlegare?

 

 –          Nei. Fokuset på enkeltmennesket er noko av det nye i det litteraturen gjekk over i det moderne.

 

–          Eg lyt vere litt individfokusert sjølv. Kva står eigentleg den e-en i Hans E. Kinck for?

 

–          Du, den står for Ernst.

 

 –          Jaha. Er det meir å seie om det?

 

–          Nei, eigentleg ikkje. Eg kjem ikkje til å kalle opp barnet mitt etter Hans eller Ernst, liksom. Men kanskje etter ein karakter i novellene. Kanskje Torstein.

 

 –          Eit staut norsk namn. Men du, medan me er inne på namn. Eg høyrer du uttalar namnet som /Kjink/. Eg gjekk i villreie ganske lenge og kalla han /Kink/. Er det ein ærleg feil, tykkjer du?

 

–          Altså, det uttalast /Kjink/, det er det korrekte. Men det er fort å gå i den fella. Eg trur at når ungdommen i dag seier /Kink/ botnar det i frykt for pallatalisering. Det er det same når folk seier /Olav Kyrres gate/, i staden for /Olav Kjyrres gate/, som det jo eigentleg heiter.

 

–          Frykta for pallatalisering. Det lyder som noko Dagbladet kan tene store pengar på.

 

–          Ja. Hehe. Men det er altså ingen grunn til å frykte det i Kinck sitt tilfelle.

 

–          Melding oppfatta. Men, Marte, du skriv altså om Kinck sine noveller. Kan du seie noko meir om kva det er du undersøker i desse tekstane?

 

–        Eg vil fyrst og fremst setje fokus på Kinck som novelleforfattar. Slik eg ser det bør akademia hefte seg meir med han. Det eg har merka meg er at samstundes som Kinck er blant dei største, om ikkje den største, novelleforfattaren i Norge, er det besynderleg få som har arbeida med tekstane hans. Dei fleste akademiske arbeid på Kinck sine tekstar er skrivne før 1970-talet. Det faktum i seg sjølv gjer det viktig å foreta nye lesingar av tekstane hans, ikkje minst sidan ein dei siste 40-åra har fått mange nye måtar å lese tekst på. Vitalismen og vitalistisk teori som eg nyttar meg av er døme på teori som ikkje er vorte nytta på Kinck sine noveller tidlegare. På grunn av at vitalismen har det ein kan kalle ideologiske band til nazismen, har ein ikkje hatt tradisjon for å undersøkje tekstar vitalistisk før dei siste tiåra.

 

–          Ideologiske band til nazismen, det høyres jo ikkje veldig bra ut.

 

–          Det er sjølvsagt ikkje slik at vitalismen er nazistisk. Men problemet botnar i at nazistane tok tak i vitalismen og forsøkte å bruke den for å fremje sin eigen ideologi.

 

–          Men no er det altso «stovereint» å nytte seg av denne teorien og vitalismen som litterær retning att?

 

–          Ja, absolutt.

 

Marte fortel at medan tidlegare Kinck-forsking har tatt for seg fleire av dei emna som er typiske for vitalismeforskinga, har ingen så vidt ho veit knyta desse til vitalismen før. Ho meiner ein har oversett Kinck i vitalismeforskinga i Norge. Flaggermusvinger, Kinck si novellesamling frå 1895, som er teksten ho undersøker i masteroppgåva si, syner i fylgje Marte akkurat dette.

 

–          Vitalismen er ekstremt tydeleg i  desse tekstane til Kinck. Det er difor eg tek utgangspunkt i nettopp denne boka og undersøker vitalistiske perspektiv i den.

 

–          Kan du forklare litt nærmare kva du meiner med «vitalistiske perspektiv»?

 

–          Ja, fela er eit slikt påfallande tydeleg vitalistisk motiv hjå Kinck. Fleire av personane i novellene speler feler. Men det er og snakk om feler i samanhengar der menneske skildrar sitt forhold til naturen. Dei kan oppleve feletonar der ute.  Dei seier til dømes ting som at: «Det let ei fele i ville skogen». Her er det ikkje snakk om at det er ein som faktisk står og speler fele, det er noko som kjem innanfrå, eit bilete på ei livskraft eller livsangst i menneske. Felemotivet illustrerer det markante skiljet mellom natur og kultur. Med natur meinast då både den fysiske naturen, men og naturen inne i mennesket; drifter, seksuallyst, irrasjonelle og ukontrollerte handlingar. Dette er typisk vitalistisk. Fela er jo eit musikkinstrument, og måten ein speler på fela i novellene er i tråd med eit vitalistisk kunstideal.

 

–          Vilt og hemningslaust?

 

–          Ja, og improvisatorisk og ukontrollert.

 

Marte leverer masteroppgåva si i mai, men har so langt ikkje tenkt så mykje på kva ho vil gjere med materialet sitt etter det. Ho seier ho nett no kjenner seg litt nedgrave i stoffet og har endå ikkje fått reflektere så mykje over kva ho skal gjere etterpå.

 

–          Eg har veldig sansen for at ein kan gjere det ein skriv master om tilgjengeleg for folk. Det er jo over eit år med arbeid, og det er synd dersom det berre skal renne ut i ingenting og verte gløymt. Samtidig so vil ein jo gjennom å gjere ei slik oppgåve tilgjengeleg og relevant krevje ei veldig nedskjering i prosjektet, tenkjer eg. Eg trur nok eigentleg eg kjem til å klappe saman og seie takk for meg og gjere noko anna.

 

–          Men du skal leggje ut oppgåva di i den store kunnskapsbasen, BORA (Bergen Open Research Archive)?

 

 –          Me får sjå. Eller, jo, forresten eg skal det.

 

Då er det berre å fylgje med i BORA mot slutten av april: http://www.uw.uib.no/bora/

For meir lesestoff om vitalismen sjå Eirik Vassenden (Ein av dei i Norge som har arbeida mest med vitalismen) sin introduksjon her: http://www.uib.no/sevu/fp-dag/2009/materiell/VassendenNorsk_vitalisme.pdf

For meir informasjon om Hans E. Kinck: http://snl.no/.nbl_biografi/Hans_E_Kinck/utdypning

Legg igjen en kommentar