Kategorier
Aktuelt: Allment

Bernhoft vinner av Statoil-stipendet 2012

                                  Ein fornøgd Bernhoft (Foto:  Kristin Svorte)

 

Statoil-stipendet blei laurdagskveld delt ut under by:Larm festivalen. Prisen på ein million kroner gjekk i år til den fremadstormende artisten Jarle Bernhoft.

Det var i alt ti nominerte band og artistar. Blant desse var Jonas Alaska, Bernhoft, Team Me, Lars Vaular, Hanne Hukkelberg, Sondre Lerche, Thom Hell, Mayhem, Sandra Kolstad og El Caco. Etter framføringa til samtlege nominerte var det ingen tvil blant juryen om kven som var den rettmessige vinnaren.

– Bernhoft har unike kvalitetar som liveartist, og eit talent og ei utstråling som er få forunt. Ryktane om ham har allereie byrja å gå utanfor landets grenser, og ting burde difor liggje godt til rette for at stipendet på ein million kronar kan utgjere ein forskjell, seier juryleder Espen Lind ifølgje NTB.

Stipendet er oppretta av by:larm i samband med Statoil, og blei utdelt for første gong i 2008. Dette er det femte stipendet i rekka, og tildelast til ein artist eller ei gruppe  med internasjonalt potensial. Stipendet på ein million, som fordelast over to år, skal vinnaren bruke for å få ein ekstra dytt ut i den internasjonale musikkbransjen. Bernhoft er i godt selskap. Tidligare vinnarar består av Ida Maria (2008), Mathias Eick (2009), Ingrid Olava (2010) og Kvelertak (2011).

 Gjennombrot

Bernhoft har hatt sitt store gjennombrotsår her til lands. Utselde konsertar, tv-opptreden på The Ellen show og to Spelemannsprisar for fjorårets to plater « Solidarity Breaks» og «Walk With Me» for å nemne noko. Statoil-stipendet er ein vidare bekreftelse på anerkjenninga. Med eigen Danmark- og Europaturné frå mars av, er Bernhoft allereie godt i gong med å planleggje utlandssatsinga.

– Planane mine er allereie ganske satt, og europaturnéen sel bra. No har eg lyst til å få til noko i landa som tradisjonelt er litt «vanskelege», som Sverige, USA og England. Samtidig har eg lyst til å forbetre sjølve produksjonen litt. Men eg kjem ikkje til å fly business class frå no av, så eg trur desse pengane vil rekke lenge, seier Bernhoft til Aftenposten.no.

Skapar furore

Heilt sidan opprettinga av Statoil-stipendet i 2008, har enkelte band valt å trekke seg frå nominasjonslista.  Blant desse finn ein blant anna Kråkesølv, Ungdomskulen og no sist, Synne Øverland Knudsen, som valte å trekke seg frå bandet Team Me, grunna nominasjon til Statoil-stipendet. Desse har offentleg sagt at ein ikkje vil la seg sponse av Statoil grunna politiske aspekt.

 Dette førte blant anna til ein endring av nominasjonsprosessen, der det tidligare var Statoilkomiteen sjølv som stod for nominasjonen av band og artistar. Ein endra dermed praksis ved at band nominerte seg sjølv dersom ein ynskja å motta Statoil-stipendet. Årets  prisvinner tek det heile med ro.

 – Eg ser vel ikkje så svartkvitt på Statoils verksemd, sjølv om eg har mykje større sans for vind- og bølgjekraft enn utvinning av oljesand. Men striden som dukkar opp kvar gong nokon seier nei til stipendet skjønar eg ikkje heilt. Det er jo eit personleg standpunkt, og det må det da være lov å ha, seier Bernhoft til adressa.no.


Legg igjen en kommentar