Utdanningsdirektoratet kom denne veka med framlegg til ei revidering av Læreplanen for Norskfaget. Framlegget går hovudsakleg ut på å innføre lågare kompetansekrav i sidemål, samstundes som ein fjernar karaktersetjinga i denne delen av norskfaget. Praktinf-student Britt Kristin Ese, er i harnisk over forslaget som både bryt med norsk språkpolitikk og sunn fornuft. «Ei slik svekking av nynorsken som denne eventuelle endringa vil innebere er ikkje berre ei motarbeiding av eit ynskje om språkleg mangfald, men eit angrep på den norske kulturarva og ei ulukke for heile norskfaget og det norske språksamfunnet.» Ese peikar på at regjeringspartia gjekk til val med lovnad om å styrke nynorsken, og ser ikkje bort frå at det kan verte snakk om eit søksmål retta mot regjeringspartia, men òg mot opposisjonspartia, som har vore like delaktige i å presse fram dette framlegget. Ho viser til Utdanningsdirektoratet sitt framlegg «Styrking av skriftleg hovudmål, svekking av sidemål og endring av vurderingsordningane i norskfaget i samband med revisjonen av læreplanen i norsk», som i fylgje Ese ikkje byggjer på grundig forsking, men på synsing og ei frykt for å ta upopulære avgjersler.
Kategorier